3.div damer: Førde 2 - Stryn 0-2 
Bortesiger for Stryn som klatra opp på 2.plass i 3.div! 

Stryn sitt damelag møtte Førde 2 borte fredag kveld. Med forfall på begge keeparane var det midtstoppar Astrid  som måtte ta på seg hanskane i denne kampen, 0 baklengsmål tyder på at ho gjorde sine saker godt!

Det vart ein god start på kampen for Stryn og allereie etter 5 min var det klart for 0-1, då ein førdespelar var uheldig og sette ballen i eige mål. Spenninga helt seg heilt til slutten då punkterte Vilde kampen og sikra 2-0 siger og 3 poeng for Stryn.

Med dette resultatet ligg Stryn på 2.plass med 7 poeng før dagens kampar. Høyang vil med siger heime mot Tornado Måløy gå forbi Stryn, det kan også Sandane/Breimsbygda gjere men då må det storsiger til mot Studentspretten i dag. 

Neste kamp for Stryn er 31.mai, då kjem Høyang påm besøk.