5.div herrer: Stryn 2 - Syril  6-0  
Stryn 2 med storsiger laurdag!

Alexander Gudni Jakobsson starta scoringsfesten laurdag med to raske scoringar i 24. og 32. min, medan Marius Rauset sørga for at det stod 3-0 til pause med scoring heilt på slutten av første omgong.

3 mål vart det også etter kvilen. John Marius Berger (65 min), Rasmus Hopland (80 min) og Rauset igjen (82 min) fastsette sluttresultatet til 6-0 og 3 meget viktige poeng i kampen for å behalde plassen i 5.divisjon for Stryn 2.

I sluttspurten møter Stryn 2 Kaupanger og Fjøra2/SIL 3 borte og Sandane og Bjørn heime.