Jentelaget vart Kretsmeistrar
Sikra tittelen etter thriller-avslutning i siste serierunde!

Stryn sine J15/17 sesongen 2017 vart historiske allereie før første spark på ballen denne sesongen, for aldri før har det hendt at Stryn har stilt med to lag i den eldste jenteklassa! Etter vårsesongen var det klart at Stryn stilte med 1 lag i 1.div og 1 i 2.div på haustsesongen.

Etter ein god sesong var det duka for ein spennande sisterunde der både Stryn og Sogndal hadde muligheter for å bli Kretsmeistrar. Med siger til Stryn ville våre jenter vinne tittelen og alt såg lyst ut når Stryn gjekk opp til 2-0 i bortekampen mot Eid. Men Eid hadde ikkje tenkt å gje seg, og reduserte først til 2-1 før dei seinare utlikna til 2-2, noko som også vart sluttresultatet.

Det vart nokre spennande minutt etter kampslutt før sluttresultatet frå Sogndal-kampen vart kjent, men jentene kunne sleppe jubelen laus når meldinga om at Kaupanger hadde slått Sogndal 1-0 endeleg kom.

Stryn Fotball gratulerer jentene og trenarane Halvard og Arnt Magne med kretsmeisterskapet!