G15/17 9'ar vart Kretsmeistrar laurdag
Stryn slo Askvoll/Holmedal/Atløy i finalen!

Etter å ha gått gjennom serien med kun sigrar vart Stryn sitt 9ar lag i G15/17-klassa suverene vinnarar i avdeling 2, og dermed klar for KM-finale mot vinnaren av avdeling 1.

Finalen blir spelt over to kampar og motstandar var Askvoll/Holmedal/Atløy, også dei suverene vinnarar av si avdeling. Stryn starta finalespelet på heimebane forrige søndag, og med 3-1 siger i den kampen hadde gutane eit godt utgangspunkt foran returoppgjeret laurdag. 

Også denne kampen endte med siger til Stryn, og etter 9-3  i Aksvoll og 12-4 samanlagt kunne gutelaget sette seg på bussen med pokalen som synleg bevis på eit velfortent Kretsmeisterskap!

Stryn Fotball gratulerer spelarane og trenarane Hallvard, Geir Inge og Martin med tittelen!