G13/14 vart Kretsmeistrar søndag
Avslutta sesongen med stil borte mot Sogndal!

Før siste runden i 1.div G13/14 leia Stryn med 1 poeng foran Florø i kampen om KM-tittelen. Begge laga avslutta med bortekampar og når Florø vann 2-1 på Sandane måtte Stryn slå Sogndal dersom pokalen skulle bli med tilbake til Stryn.

Sogndal hang brukbart med i fyrste omgong og laga gjekk til pause med 2-1 leiing til Stryn. Etter kvilen var det imidlertid ikkje tvil om kven som var det beste laget, og strynegutane gav seg ikkje før det stod 6-1 i målprotokollen. 

Stryn Fotball gratulerer spelarar og trenarteamet, som består avJørn Peder, Per Ole og Trond, med KM-tittelen, og ein godt gjennomført sesong!