Klart for Kongleriket-turnering i Stryn på søndag 
Til helga vert den 3. av årets turneringar for miniputtar i Indre Nordfjord arrangert i Stryn!
 
Søndag kl 11.00 brakar det laust med dei fyrste kampane og så går det slag i slag fram til ca kl 17.00 på ettermiddagen. Om lag 350 gutar og jenter frå 6-10 år fordelt på 64 lag frå Stryn, Hornindal, Eid, Olden, Loen, Oppstryn og Veten/Hardbagg møtes til spennande og fartsfylte fotballkampar på Kunstgrasbana i Stryn. 
 
Kongleriket vert arrangert over heile fylket på søndag, og sjølv om fotballen og idretten er viktig har denne dagen også eit anna viktig fokus. Tema for denne turneringa er nemeleg "Born-hjelper-born". Sogn og Fjordane Fotballkrets har ein samarbeidsklubb i Hong Tien i Vietnam. Fotballsparkande born i fylket vårt har sidan 2011 bidratt til at born i denne byen har fått trygge leikeplassar og fotballbaner, trygge vegar til og frå trening og opplæring og opplysning i t.d elementær hygiene.
 
 
 
For kvart mål som vert scora på turneringa søndag betaler Kretsens sponsorar 1,- til dette tiltaket. I tillegg har 6 og 7 åringane i Stryn Fotball tatt med seg eigne leikar som skal selgast på ein loppemarknad på stadion søndag, der inntektene også går til borna i Hong Tien. 
 
Stryn Fotball ynskjer alle born og vaksne hjerteleg velkomne til turnering på søndag, kos dåkke med underhaldande fotball, pølser, is, vaffler og brus i kiosken, støtt opp om "Born-Hjelper-Born" prosjektet og nyt dagen på Stryn Stadion!
 
Her er ein link til kampoppsettet for turneringa:
Kampoppsett Kongleriket Stryn 2016