Serieopning for seniorlaga denne helga
Alle tre seniorlaga til Stryn skal i aksjon i løpet av dei nærmaste dagane! 

Mange lag i aldersbestemt fotball er allereie godt i gang med sesongen, og denne helga startar også herre- og damelaga opp med seriespel. 

Fyrst ut er damelaget som opnar med bortekamp mot Sandane/Breimsbygda på Sandane Idrettspark fredag kveld. 10 lag er i år påmeldt i 3.div noko som er betre enn på mange år. Stryn stiller også i år med eit ungt lag, og det er duka for mange spennande damekampar denne sesongen. 

Laurdag er det klart for fyrste runde i Kretsligaen. Også her opner Stryn med bortekamp, dei møter Tornado Måløy på Måløy Stadion kl 16.00. Stryn har ambisjonar om å kjempe om opprykk, og håper på 3 poeng i seriopninga i ein vanskelege bortekamp. Denne kampen blir filma og vist live på nettet, sjå eiga sak om dette.

Helga blir avslutta med Stryn 2 sin heimekamp i 5.divisjon mot Gaular kl 13.00 på søndag. Også her er målet å kjempe i toppen, så møt opp for å hjelpe gutane til siger i seriopninga på heimebane!