Sjå Stryn sine kampar på nettet
Stryn Fotball og Radio Stryn samarbeidar i år om å streame Stryn sine kampar på internett, og laurdag har du mulighet for å følge bortekampen i Kretsligaen mot Tornado Måløy på nettet.

Vi oppfordrar sjølvsagt alle som kan om å ta turen til Måløy og sjå kampen live, men dei som ikkje har anledning til det kan altså sjå kampen likevel. Dette kan du gjere på din eigen PC heime ved å følge linken nedanfor til Radio Stryn si heimeside. Har du lyst å sjå kampen i lag med andre strynesupportar anbefaler vi at du tar turen til Johans Pub som vil vise oppgjeret på storskjerm!

Følg med på Facebook og heimesida vår for informasjon om kva kampar vi vil vise.

Har du lyst å hjelpe til med prosjektet, til dømes filme eller kommentere kampar, så ta kontakt med dagleg leiar.

Radio Stryn