To sigrar og ein uavgjort for seniorlaga denne helga
God sesongopning for dame- og herrelaga til Stryn!

Damelaget starta fredag sin sesong med ein vanskeleg bortekamp mot Sandane/Breimsbygda. Etter 13 min var det mykje som tydde på at dette skulle bli ein tøff kveld på jobb for Anja Tomasgård og co, då leia nemleg heimelaget 2-0 etter scoringar av Martine Kvamme og Sandra Kleppenes Sårheim. 

Men Stryn henta inn leiinga etter ein sterk andreomgong der Hedda Vatn Øvreberg (str) og Vilde Hammer Bergh sørga for poengdeling med kvar sine scoringar. Stryn sitt damelag møter Studentspretten heime på onsdag.

Ei sterk opphenting er også stikkordet etter Kretsligakampen mellom Tornado Måløy og Stryn på Måløy Stadion laurdag. Med to minutt igjen av fyrste omgong leia TMFK tilsynelatande komfortabelt 3-0 etter scoringar av Sveinung Frantzen, Svein Arne Volle og Christian Tvendesæter Lofnes. Men 3-0 er ei farleg leiing. Kanskje ikkje like farlig som den meir kjente 2-0 leiinga, men likevel farleg. To kjappe reduseringar av Mads Wie, rett før og rett etter pause, var starten på ein gedigen snuoperasjon for gjestane. 

Ein annan gloppar, Jonas Denk, utlikna 7 min ut i andre omgong før Vegard Hopland og Mads Wie sikre tre viktige bortepoeng mot slutten av kampen. Ein sterk prestasjon av gutane! Neste kamp for Stryn i Kretsligaen er heime mot Bremanger komande laurdag. 

Også Stryn 2 sikra seg 3 poeng i serieopninga søndag når Gaular gjesta Stryn Stadion. Marius Rauset gav heimelaget leiing tidleg i første omgong. Bortelaget utlikna midtvegs i omgongen før Marius igjen sørga for stryneleiing på straffespark like før pause. Stryn 2 var det beste laget i denne kampen, men trenar Martin Knutsen Dolvik på strynebenken kunne ikkje slappe heilt av før heimelaget avgjorde kampen på overtid ved Marius nok ein gong og Rasmus Skåre Tjellaug. Solid 4-1 siger i serieopninga. 

Neste søndag reiser Stryn 2 til Sogndal for bortekamp mot Studentspretten.