Jens Aarnes Kleppe fekk Fair Play-prisen
Fekk utdelt pokalen av ordføraren under 16.mai-kampen! 

Stryn Fotball sin Fair Play pris for mai 2017 vart utdelt i pausen under storkampen i Kretsligaen mellom Stryn og Eid på 16.mai. Det var Jens Aarnes Kleppe frå G13/14 som velfortent mottok prisen frå ordførar Sven Flo og leiar i Fair Play utvalet Martin Hopland. 

Stryn Fotball gratulerer med prisen! Her ser du grunngjevinga:

"Vi trenarane på G 13/14 laget vil nominere Jens Aarnes Kleppe til FairPlay prisen for mai. Jens har teke store sportsleige steg dei siste åra og gir alltid 100% både på trening og i kamp. Han er ein pliktoppfyllande og pålitelig gut med gode haldningar, og er såleis eit forbilde for dei andre på laget. Vi meiner Jens vil vere ein svært verdig vinnar av Fair Play prisen for mai 2017."

Vi reknar også med at både prisvinnaren, ordføraren og leiaren i utvalet var fornøgd med kampen. Som dei fleste har fått med seg vart det heimesiger 6-1. Stryn fekk ein god start på kampen og leia 2-0 før det var spelt 10 min etter scoringar av Mads og Vegard H. Dette var også stillinga ved pause. Agon auka leiinga tidleg i andre omgong før Eid reduserte ved Henning Haugen. I løpet av dei siste 15 min scora både Mads, Petter og Agon slik at sluttresultatet vart 6-1. Sjølv om Stryn vann fortent og var det beste laget, var gjestane frå Eid betre enn resultatet skulle tilseie. 



Det var stor stemning og mykje folk på stadion trass litt grått ver. Manglande straumtilførsel til kioskvogn og speakerbud skapte litt utfordringar i første omgong. Då var det gått å ha gode hjelparar og samarbeidspartnerarar! Takk til Russen som hjalp til med musikk til innmarsjen og til Dalius og Olav Atle frå Øvreberg Innstallasjon som jobba på spreng med å fikse straumen. Stor takk også til Fluor-Lux som stilte med straumaggregat  som midlertidig løysing på problema!