OPUS Consulting AS ny sponsor for Proffveka/Stryn Fotball
Stryn Fotball er glad for å kunne presentere OPUS Consulting AS, med stryningen Roald Wallestad i spissen,  som Hovudsponsor for klubben! Selskapet ynskjer spesielt å bidra opp mot Proffveka, og være med og utvikle dette tilbodet ytterlegare. 

OPUS Consulting er eit av Noregs leiande rekrutterings- og konsulentselskap innan økonomi og ledelse. OPUS er spesialisert på rekruttering og management for hire til stillingar innan økonomi, regnskap og finans. 
Selskapet vart starta i 2002 av Roald Wallestad, som er både gründer og daglig leder. Kundane er store norske og internasjonale selskap i alle type bransjar. Selskapet har kontorer på Solli Plass i Oslo sentrum.

Stryn Fotball er strålande fornøgd med å ha Roald og OPUS Consulting AS med på laget og håper på eit godt samarbeid i mange år framover!