Fair Play-prisar til Sigve Heggdal Åbrekk og Oliver Kirkeeide Næss
Prisutdelinga fann stad i pausen på Kretsligakampen fredag kveld!

Stryn Fotball sin Fair Play pris for august vart delt ut fredag kveld i samband med Kretsligakampen mellom Stryn og Skavøypoll. Denne gongen vart det delt ut 2 prisar, den eine gjekk til Sigve Heggdal Åbrekk som spelar på Stryn sitt Gutar 10 lag, medan Stryn sin Kretsdommar Oliver Næss kunne motta den andre.

I grunngjevingane for prisane står det mellom anna:

Sigve Heggdal Åbrekk:

"Sigve har vist stor interesse for fotball frå dag 1, og har gjennom desse åra hatt stor utvikling som fotballspelar. Motivasjonen er stor, og Sigve har møtt på alle treningar og ekstratreningar så langt trenarane kan huske. Vi prøvar å formidle nokre grunnverdiar: innsats, speleglede og oppføre seg fint ovanfor både med og motspelarar. Dette gjer Sigve på ein framifrå måte. 
Sigve møter til kvar trening, presis og godt førebudd. Høyrer godt etter og gjer alltid ein god innsats. Ein gut som er like glad i å servere ballen til andre, som å score sjølv. Dette viser igjen både på trening, i seriekampar og turneringar vi er med på. Sigve er og flink til å skryte av medspelarar, og er på denne måten med på å motivere andre til god innsats. 
På bagrunn av dette vil vi nominere Sigve til Fair play prisen juni 2017"


Sigve Heggdal Åbrekk saman med Hilde Konstali-Lødemel frå FP-utvalet og Torstein Tvinnereim (Foto: Stig Høynes - Haugen Fotball)

Oliver Kirkeeide Næss:

"Det var under J12 kamp Stryn 2 – Måløy hvor undertegnede «nok» en gang blir litt vel engasjert på sidelinja. Dommer Oliver ser det nødvendig å stanse kampen for å ta dialogen med meg. Oliver ønsker at jeg roer ned. Han er meget saklig og rolig i dialogen. Vi tar hverandre i handa og han setter i gang kampen igjen. Han fullfører hendelsen som engasjerte meg ekstra med å sende ei jente fra Måløy på benken i 5 min. Under hele kampen var Oliver flink til å rettlede jentene i flere situasjoner med å gjøre ting reglementert.
Jeg mener Oliver  fortjener fair play prisen for å vise mot ved å konfrontere en voksen engasjert person på den måten han gjorde og for å «beskytte» jente spillerne mot litt vel engasjerte tilrop. (Undertegnede var aldri ufin i munnbruken) Håper og tror Oliver kommer til å fortsette dømmingen sin fremover, jeg har stor tro på at Oliver kan komme langt som dommer."


Oliver Næss saman med Hilde Konstali-Lødemel og Torstein Tvinnereim (Foto: Stig Høynes - Haugen Fotball)

Stryn Fotball gratulerer begge to med velfortente Fair Play prisar!