Fotballbasar i Kulturhuset søndag 5.november kl 15.00
Stryn Fotball ynskjer alle hjerteleg velkomne til den tradisjonsrike Fotballbasaren i Stryn Kulturhus førstkomande søndag!   

Vi oppfordrar ALLE til å ta turen i Kulturhuset søndag 5.november kl 15.00. Fotballbasaren er eit viktig økonomisk bidrag til å oppretthalde tilbodet i klubben, og det er derfor viktig at flest mogleg støtter opp om dette.

Vi har veldig mange flotte premiar, og spelarar og foreldre for jenter og gutar 12 år gjer ein kjempejobb for at dette blir nok ein flott basar!

Stryn Fotball vil også takke næringslivet i Stryn og alle andre som velvillig stiller opp med gevinstar til basaren!