Mange prisar og utmerkelsar til Stryn Fotball på Kretstinget i helga
I helga var godt over 100 fotballinteresserte representantar frå ca 30 fotballklubbar i fylket samla til Kretsting i Førde. I regi av NFF Sogn og Fjordane vart det som vanleg eit innhaldsrikt og godt gjennomført Kretsting med godt fagleg innhald og gode diskusjonar kring viktige saker som berører klubbane i Kretsen. 

Stryn Fotball var også godt representert på tinget, og klubben vår kunne reise heim på søndag med mange prisar og utmerkelsar. Her følger ei oppsummering:

 - Beste klubb Merketaking. Stryn Fotball vann denne prisen for andre året på rad, som den klubben som har teke flest ferdighetsmerker uavhengig av størrelse på klubb. Her har sportsleg leiar aldersbestemt Roar Haugstveit i lag med trenarane for dei ulike laga våre gjort ein kjempejobb med organisering og tilrettelegging for merketaking for alle som ynskjer det.
 
-  Arrangementsprisen Kretsligaen 2017. Her har dei andre klubbane i Kretsligaen, dommarane samt representantar for Kretsen vurdert alle arrangmenta rundt Kretsligakampane denne sesongen og kåra Stryn som vinnar i denne konkurransen! Tusen takk til Arrangemetsgruppa vår med Bente Frøholm i spissen, oppmenn og støtteapparat rundt herrelaget og ikkje minst alle foreldra som har stilt opp på dugnad på heimekampane i år!

-  Km-pokalar - Sportsleg leiar Are Njøten mottok diplomar og merker til laga og spelarane som vart kretsmeistrar i år. Stryn vart som kjent meistrar i klassane Jenter 15/17 11ar, gutar 13/14 11ar og gutar 15/17 9ar. Stryn Fotball gratulerer spelarar og trenarar med ein god sesong!



- Årets Fair Play klubb 2017 - Stryn Fotball var også nominert  i 2016, då var det Vik IL som mottok prisen. Vi vart derfor ekstra glade og stolte i år når vi vart lest opp som vinnaren for 2017. Dette er ein pris som heile fotballfamilien i Stryn har bidratt til, spesielt takk til vårt eminente Fair Play utval som består av Martin Hopland, Nella Katrin Flo Tonning og Hilde Konstali-Lødemel. Det handler om respekt!

- Årets trenar aldersbestemt - Are Njøten. Stryn Fotball har mange dyktige trenarar som legg ned enormt mykje arbeid for born og unge i klubben vår. Då er det ekstra kjekt når ein av våre trenarar blir verdsatt også utanfor eigen klubb. Gratulerer til Are for velfortent pris som Årets trenar aldersbestemt 
fotball!



- Årets Firdastjerne - Mads Wie. Kvart år kårar avisa Firda den meste verdifulle spelar i den øverste lokale divisjonen. I år vart det ein strynespelar - gratulerer så mykje til Mads med ein velfortent pris!



- Blå diplom - Til slutt var det utdeling av Kretsens Blå Diplom til personar som har utført ein lenger vedvarande innsats i klubben som trenar - leiar - oppmann. Stryn hadde i år nominert 4 sterke kandidatar som alle fekk tildelt diplomen. Gratulerer til Guttorm Sæbø, Halvard Bøe, Hallvard Skrede og Arnt Magne Fredheim.



Stryn Fotball vil gjerne få takke alle frivillige som har stått på i heile år for at klubben vår skal kunne ha eit så godt fotball-tilbod som vi har. Det er utrulig stor innsats frå veldig mange personar som må til og alle saman er viktige brikker, enten du er trenar for seniorlaga våre, står i kiosken på heimekampane våre eller er medlem i eit av utvala våre. Resultatet av innsatsen ser vi ovanfor her, godt jobba alle saman!

Takk også til Fotballkretsen for eit godt gjennomført Kretsting 2017!