Gull og sølv til Stryn under KM-innandørs senior i helga
Finalesiger til herrane medan damene tapte finalen på straffekonkurranse!

Stryn stilte med to lag både i herre- og dameklassa når årets KM i innandørsfotball vart spelt i Førdehuset i helga. Det endte med 2 finalar, ein 1.plass og ein 2.plass.

I herreklassa var Stryn 1 i pulje med Askvoll/Holmedal, Førde 6, Gaular og Tamberskjelvar 2. Full pott og 12 poeng førte til ein overlegen gruppesiger. Vidare på vegen til finalen slo Stryn i tur og orden ut Tamberskjelvar 1 i 1/8-finalen, Høyang i 1/4-finalen og Førde 1 i seminfinalen. I finalen venta Førde 2, der sluttresultatet vart 3-1 til Stryn. 

Stryn 2 var i pulje med Fanaråk, Førde 2, Jølster og Ådal. Etter 1 siger, 1 uavgjort og 2 tap endte Stryn 2 på 4.plass i gruppa og var dermed ute av KM.

Også i dameklassa stilte Stryn med 2 lag. Stryn 1 var i gruppe med Dale, Førde 1, Hafslo og Studentspretten. Fasiten her var 3 sigrar og 1 uavgjort, og med 10 poeng endte det også med puljesiger for damelaget. I semifinalen vart Kaupanger besigra med 1-0 og Høyang venta dermed i finalen. Det skulle vise seg å bli ein dramatisk finale der Stryn leia 1-0 til det kun var kort tid igjen av kampen. Høyang utligna heilt på tampen og vann til slutt straffekonkurransen. Dermed endte det med andreplass til damelaget. 



Stryn 2 var i pulje med Førde 2, Høyang, Kaupanger og Sandane. 1 siger, 2 uavgjort og 1 tap førte til 5 poeng og 4.plass i ei meget jamn gruppe. 

Stryn Fotball gratulerer herrelaget med gull og damelaget med sølv i KM-innandørs, og vil også gratulere Høyang med gullmedaljen i dameklassa!