"Hagen-bana" er på plass
Vår nye 3v3-bane er no klar til bruk på Stadion!

Etter at Stryvo satte opp den fyrste bana vår i fjor vinter, har denne vore flittig i bruk både til organisert trening og ikkje minst på fritid. 

Det er derfor særs gledeleg at vi no starter det nye året med enda ei 3v3 bane på stadionområdet vårt, og takkar vår sponsor og samarbeidspartnar, Hagen AS, som har bidratt til finansieringa av bana!



"Hagen-bana" er sjølvsagt også produsert av strynebedrifta Stryvo AS - les meir om bana ved å trykke på linken: 

https://www.3erbane.no/