Sterk innsats i vinterserien både for gutane og jentene
Stryn toppar tabellen etter fyrste turneringsdag både i dame- og herreklassa!

Søndag vart dei første kampane i vinterserien for juniorlag spelt på Sandane (dameklassa) og i Stryn (herreklassa).

I vinterserien for damer er det 3 lag påmeldt etter at Kaupanger trekte sitt lag frå vinterserien: Sandane, Sogndal og Stryn. Resultata frå kampane på Sandane vart:

Sandane - Stryn 1-3 - Kaisa Vollsnes Wemby (2) og Andrine Lødemel Bøe scora måla for Stryn
Sogndal - Stryn 0-0
Sogndal - Sandane 1-4

Tabellen etter første av to rundar:
Stryn                  2  1 1 0    3-1 4
Sandane              2  1 0 1    5-4 3
Sogndal               2  0 1 1    1-4 1

Runde to vert spelt i Stryn 18.februar.

Resultata frå kampane i herreserien avdeling 1:

Tornado Måløy - Sandane  1-1
Stryn - Balestrand  4-1  Håvard Kroken (2), Stian Olsbø og Peter Frausing scora for Stryn
Balestrand - Tornado Måløy 1-2
Tornado Måløy - Stryn  0-5  Håvard Kroken (3), Marius Rauset og Johannes Tenden scora Stryn sine mål
Sandane - Stryn  0-0
Balestrand - Sandane  0-1

Tabellen etter første av to rundar:
Stryn                  3  2 1 0  9-1  7
Sandane              3  1 2 0  2-1  5
Tornado Måløy     3  1 1 1  3-7  4
Balestrand           3  0 0 3  2-7  0

Runde to blir spelt på Sandane 10.februar.