Rapport frå Årsmøtet til Stryn Fotball

Stryn Fotball heldt nyleg årsmøte på Isehaug Kafeteria, der mellom anna val stod på sakslista. 46 plassar i styret og ulike utval vart fylt opp, deriblant 20 nye representantar! 

Det vart etablert 2 nye utval i klubben: Medieutvalet  og Utstyrsutvalet.  I tillegg til dei vanlege årsmøtesakene orienterte leiar i Hovudlaget, Jonn Beinnes, om status  for Arena Stryn.

Det vart 4 nye ansikt i hovudstyret til Stryn Fotball, deriblant ein ny ungdomsrepresentant, og slik ser det nye styret ut etter årsmøtet:

Styret:
Torstein Tvinnereim -leiar
Roar Haugstveit -nestleiar  (Ny)
Ivar Paulsen - Økonomi
Siv Solberg  - Arrangement  (Ny)
Rune Ommedal - Sport  (Ny)
Evy Rossetvik  - Kvalitetsklubbansvarlig
Kaisa Wemby - Ungdomsrepresentant  (Ny)

Fullstendig oversikt over alle utvala i klubben finn du under "Klubbinfo" øverst på heimesida.