Stryn Fotball med eige trenarkurs for damer

14 damer frå Stryn og Loen deltok denne veka på trenerkurs i Stryn!

Stryn Fotball har i samarbeid med kretsen arrangert Grasrottrenarkurs dei to siste vekene. Først eit åpe kurs der ti karar var med i veke 15.

Denne veka var det kurs eksklusivt for kvinnelige trenarar, det er første gong ein forsøkar i Sogn og Fjordane. Pilotprosjektet vart godt mottatt og fjorten damer/jenter, derav 2 frå Loen IL var med. 

NRK fant prosjektet spesielt aktuelt opp imot sin serie "Heimebane" og sendte eit TV-team og laga live-reportasje som vart vist på Vestlandrevyen 16/4. 

Delkurs 1  rettar seg mot trenerar i barnefotballen og målet med dette kurset var å ufarleggjere trenarrolla. Deltagerane var innom emner som:

- Verdigrunnlag for barnefotball
- Tilrettelegging for god fotballaktivet
- Differensiering og jevnbyrdighet
- Treneren som veileder

Tilbakemeldingane frå deltagerane var gode og dei fant kurset både nyttig og inspirerende. 


                            Foto: Thomas Thaule - Fjordingen

Sjølv om enkelte var litt nervøse i forkant av kurset synes instruktør Marius Lenni Bø at samtlige hadde mykje å bidra med og han var  imponert over nivået på deltagerane. Både vi og Marius håpar  at dette er starten på eit stort og godt kvinnelig trenarmiljø i Stryn, og vi er sikre på at denne gjengen blir ein stor ressurs for Stryn Fotball framover.

Marius har lova å komme tilbake til Stryn for å følgje opp gjengen, og mest sannsynleg blir det delkurs 2 til hausten. Då er det berre for fleire damer å hive seg med.