Stryn Fotball fekk fleire prisar under Miljøhelga 2018
Laurdag og søndag vart Miljøhelga 2018 arrangert i regi av NFF Sogn og Fjordane. Om lag 180 representantar frå dei ulike klubbane i fylket var til stades og Stryn Fotball stilte med heile 10 stk!

Under Miljøhelga er det fagsamlingar for både trenarar, dommarar og leiarar og det vert også delt ut prisar for godt arbeid til både klubbar og eldsjeler som har utmerka seg innan fotballen i kretsen vår. 

Stryn Fotball kunne reise heim med heile 4 prisar denne gongen:
- Årets trenar i Barne- og ungdomsfotballen - Jon-Terje Tjellaug
  Jon-Terje har gjort ein fantastisk jobb for Stryn Fotball i mange år no. Denne prisen viser at innsatsen hans blir lagt merke til og høgt verdsatt i heile fotballkretsen vår!



- Blå diplom - Per Ole Tenden og Trond Leirgulen
  Kretsens Blå diplom vert delt ut til personar som har gjort ein stor innsats som trenar, lagleiar, leiar osv i klubbane over ein lengre periode. Per Ole og Trond har fulgt spelarane på gutelaget vårt sidan dei starta opp i fotballen som 6-åringar og fekk velfortent heider for dette under Miljøhelga. 



- Arrangmentsprisen 3.divisjon damer 2018 - Stryn Fotball
 Her har dei andre klubbane i 3.div damer, dommarane samt representantar for Kretsen vurdert alle arrangmenta i 3.divisjon denne sesongen og kåra Stryn som vinnar i denne konkurransen! Tusen takk til Arrangemetsgruppa vår og ikkje minst alle foreldra som har stilt opp på dugnad på heimekampane i år!



Stryn Fotball vil også nytte anledninga til å takke alle frivillige som stiller opp for klubben vår, enten som medlemmar i styret, grupper og utval, som trenarar og lagleiarar eller på dugnad på dei ulike arrangementa våre. Alle saman er viktige ressursar for at vi skal kunne ha eit godt fotballtilbod i bygda vår!

Alje mè!