Halvard Bøe gjer seg som trenar for Stryn sitt damelag 
Etter mange år som trenar i aldersbestemt fotball i Stryn har Halvard denne sesongen vore hovudtrenar for Stryn sitt damelag i 3.div. Etter ein liten tur i tenkeboksen har han no informert sportsleg utval om at han ikkje ynskjer å gå på ein ny sesong. 

Stryn var lenge med og kjempa heilt i toppen av 3.div i år, og enda til slutt på ein 4.plass bak Studentspretten, Kaupanger 2 og Førde. Halvard leia også laget i KM-futsal ved to anledningar. Etter ein sterk sølvmedalje i 2017 fekk han ei best tenkeleg avskjedsgåve frå jentene som tok KM-tittelen 2018 etter finalesiger over Sandane. 

Stryn Fotball takkar Halvard for ein strålande innsats i mange år som trenar i klubben og ynskjer han velkomen tilbake når han måtte ynskje det!