Fair Play-prisar til Kornelia Trøsken og Bente Frøholm
I pausen på vårsesongens siste heimekamp i Kretsligaen mellom Stryn og Kaupanger vart det delt ut to Fair Play prisar på Stryn Stadion! Medlem i Stryn Fotball sitt Fair Play-utval, Lars Sandbakk, overrekte pokalane til Kornelia Trøsken frå J10 og til lagleiar og eldsjel Bente Frøholm!

Her kan du lese begrunnelsane for prisane:

Kornelia Trøsken
Kornelia Trøsken er spelar på Stryn Fotball sitt Jenter 10-lag. Ho er alltid blid og glad og stiller alltid på alle treningar! Kornelia er ei allsidig jente, og i tillegg til at ho er ein dyktig fotballspelar hevder ho seg også særs godt i skiskyting og orientering. Ho viser meget gode haldningar ovanfor lagkameratar, vener og klubben!

Bente Frøholm
Bente Frøholm er ein av lagleiarane for gutar 2009 og ho er god som gull! Bente stiller alltid på og hjelper til når andre av ulike årsaker ikkje kan. Uansett kva oppgåve det skulle vere og uansett kor kort frist det er, så stiller ho opp! Utan slike eldsjeler ville det vore vanskeleg for Stryn fotball å lage til kamparrangement, treningar og aktivitetar, for både store og små! Utan kamparrangement, treningar og aktivitetar for barna, får vi heller ikkje vist og brukt fair play! Med andre ord er Bente er eit prakteksemplar for alle i klubben og ei vi alle set stor pris på!  

Stryn Fotball gratulerer Kornelia og Bente med velfortente prisar!

På biletet ser vi Kornelia og Bente i lag med speaker Runar Walaker og Lars Sandbakk frå Fair Play utvalet. Foto: Stig Høynes/Haugen Fotball.