Proffveka feirar 10-års jubileum 
Stryn Fotball med Proffveka-general Johann Sigurdsson i spissen, arrangerer i år Proffveka for 10. år på rad. Totalt 89 ambisiøse gutar og jenter har fått plass på årets jubileumsutgåve, og fleire står på venteliste.

Proffveka 2019 starta måndag med innsjekking og ei kort kveldsøkt på treningsfeltet og er no godt i gong med dag 2. 

I tillegg til gode treningar og kampar med profesjonelle instruktørar av internasjonalt kaliber, blir det også lagt vekt på sosiale aktivitetar og fagleg teoretisk input for deltakarane under Proffveka. Mellom anna fotballseminar/debatt på Stryn Vidaregåande skule under leiing av Davy Wathne og med bl.a Vidar Riseth og psykolog Jøri Gytre Horverak blant deltakarane. 


Denne glade trioen treff du også på Proffveka 2019:
F.V: Davy Wathne, Roar Wold og Johann Sigurdsson.

Også i år har Johann henta meget sterke og erfarne instruktørar frå både inn- og utland:

Paul Lever - Tidlegare akademitrenar i Liverpool, jobbar no for det engelske fotballforbundet med ansvar for utdanning av akademitrenarar i toppklubbane i Nord-England.

Brad Douglass - Sjef for Coerver Coaching Europe.

Roar Wold - Spelarutviklar i Rogaland fotballkrets og trenar for J17-landslaget.

Chris Williams - Keepertrenar i Manchester City, ansvarleg for keeperskulen under Proffveka.

Jon-Terje Tjellaug - Trenar og trenarrettleiar i Stryn Fotball, samt trener for NFF Sogn og Fjordane sitt krettslag J14.

Vidar Riseth - Tidlegare toppspelar for mellom anna Rosenborg, Lillestrøm, LASK Linz, Celtic og 1860 München. 52 landskampar og 4 mål for Norge. Er no sponsorsjef for REMA 1000 i Norge AS som også er sponsor for Proffveka Stryn.

Davy Wathne - Profilert journalist, kjent frå TV2-sporten. Skal leie seminaret på Stryn VGS torsdag kveld. 

Jøri Gytre Horverak - Anerkjent psykolog med enorm kompetanse. Deltek på seminaret på Stryn VGS torsdag kveld og vil  fokusere på potensielle mentale utfordringar som f.eks. tilpassingsprosessar, prestasjonspress, relasjonsbygging.

Deltakarar og instruktørar har med andre ord spennande og innhaldsrike dagar foran seg i Fagre Stryn denne veka!