Fair Play-prisar til Hege Guddal og Natalie Bøe

I pausen under laurdagens Kretsligakamp mellom Stryn og Bremanger på Stryn Stadion vart det delt ut fleire Fair Play prisar. Ekstra stor stas var det når trenar for Stryn sitt J9 lag, Hege Guddal, fekk utdelt NFF Sogn og Fjordane sin "Månadens Fair Play pris"!

I grunngjevinga for prisen står det følgande:

"Heilt sidan oppstart har denne trenaren hatt fokus på Fair play. Ho har alltid eit mål om at alle skal ha det kjekt og alle skal inkluderast. 
Trenaren har sørga for at laget er eit super-team som alltid backar opp kvarandre. Når laget har spelepause på turneringar, er dei rundt og heiar på andre lag, og då spelar det ingen rolle om laget dei heiar fram er frå Loen eller Breim. Heie gjer dei uansett!

Slike gode haldningar kjem ikkje av seg sjølv. Laget har ein tydeleg respekt for trenaren sin, og trenaren får fram det beste i kvar enkelt. Her snakkar vi gjensidig respekt, og dette er verkeleg ein trenar som gir alt for at laget skal lukkast, både som fotballspelar og som medmenneske.

Frå å vere 7-8 på treningane fyrste året, hadde dei no rekord med 18 spelarar på førre trening! På sesongavslutninga tok trenaren og alle på laget kvarandre i hendene, der dei lova å vere gode mot kvarandre til neste gong dei møtast på fotballbana. Dette er Fair play det!"


På biletet ser vi fv:
Oddny Kristin Drageset-Nøstvold (leiar i Fair Play utvalet til Stryn Fotball),
prisvinnarane Natalie Bøe og Hege Guddal og kretsrepresentant Evy Rossetvik.

I tillegg vart det også delt ut Stryn Fotball sin eigen pris til Natalie Bøe som spelar på J11:

"Ei skikkeleg gla’jente som har satt seg som mål å bli suveren i fotball!
Heile sesongen har ho vist ei fantastisk treningsvilje, der ho bidrar med mykje positivt i laget og er til stor inspirasjon for andre på treningar og kamp. 

Ho har vist stor respekt for medspelerar, trenarar, dommarar og motspelarar.

Som spelar er ho ei sterk jente med ein knallhard spelestil, noko ho har fått kjenne på av ganske hard verbal medfart frå andre lag under kamp, men ho tek aldri att!
I slike situasjonar hever ho alltid hovudet, tenkjer på Fair Play og viser heller respekt og gode haldningar.
Ho har stilt opp på nesten 100% av alle treningar og kampar heile sesongen, ikkje berre på 1 lag men på 2. 
Ho trenar og spelar på både jente 11 og jente 12. Dette har gitt ho eit heilt lag med nye vener i fotballen. Ho motiverer både store og små, og er eit fantastisk førebilete på alle måtar!

Prisen går til eit prakteksemplar;

Natalie Bøe, spelar på Stryn jente 11 og 12."

Stryn Fotball gratulerer Hege og Natalie med velfortente prisar!