Årets toppscorar 3.div damer: Kaisa Vollsnes Wemby
Stryn Fotball sin årvisse Fotballfest vart arrangert på Isehaug Kafeteria      laurdag kveld!

 Isehaug varta som vanleg opp med nydeleg julemat i julepynta lokaler og laga ei meget triveleg ramme for festen.

 Det vart også delt ut mange prisar til spelarar og frivillige i klubben og fyrst ut var toppscorar for damelaget. 

 I år var det Kaisa Vollsnes Wemby som kunne motta prisen som bestod av pokal og gåvekort på kr 1.000,- gjeve av Stryn Telast - Byggtorget! Kaisa scora 17 mål for      Stryn i 3.div denne sesongen. På biletet ser vi Kaisa saman med trenar Johann Sigurdsson.

   
                                       Foto: Stryn Fotball