Årets Sparebanken Vest-talent damer - Marie Rekdal Johannsdottir
Stryn sitt damelag består av mange unge talentfulle spelarar. Marie Rekdal Johannsdottir er ei av dei og laurdag mottok ho prisen for Årets unge spelar! Prisen består av pokal og gåvesjekk på kr 2.500 gjeve av Sparebanken Vest.

Her ser vi Marie etter at ho har motteke prisen frå lagleiar Olav Atle Øvreberg og Rune Ommedal frå Sparebanken Vest.