Årets lagspelar damer - Anja Bertine Tomasgård
Kriterier for lagspelar-prisen er mellom anna godt treningsoppmøte, gode haldningar og verdiar samt evnen til å setje klubben og lagkameratane foran seg sjølv.

Med sine totalt 8 sesongar for klubben er Anja ein skikkeleg veteran i Stryn Fotball. Det er litan tvil i at ho oppfyller alle kriterier for prisen og det var såleis fullt fortent når Anja kunne motta pokal og gåvesjekk på kr 1.000 frå Pretre AS under Fotballfesten i år!