Årets trenar aldersbestemt - Jon-Terje Tjellaug  
Trenarane til våre aldersbestemte lag er blant våre viktigaste ressurspersonar i klubben! Desse er forbilda og læremeistrane til alle dei borna og ungdomen som seinare skal spele på klubben sine seniorlag  og kanskje også på høgare nivå.

Jon-Terje Tjellaug er ein slik ressursperson! I tillegg til å trene 2 aldersbestemte lag - G12 og J14 - bidrar han også på fleire av klubbens ulike ekstratiltak, som til dømes Nordfjord Ekstra, Proffveka, laurdagstrening og morgontrening. Det er difor særs fortent at Jon-Terje fekk prisen som Årets trenar aldersbestemt på årets Fotballfest!

Han var ikkje tilstades sjølv for å motta prisen men som de ser på biletet er han veldig glad for utmerkinga.