Årets medspelar - Edel Rekdal 
Det er ikkje berre spelarar og trenarar som får prisar og utmerkingar på Stryn Fotball sin årsfest! For at vi skal gjennomføre alle våre ulike arrangement og tiltak treng vi mange frivillige som stiller opp og hjelper til!

Edel er ein slik person, som leiar i Pensjonistutvalet vårt stiller ho opp på om lag alle arrangement vi har. Ho er alltid blid og positiv og løyser det meste av utfordringar som måtte dukke opp. Ho er ein stor ressurs som vi er meget glad for å ha med i Stryn Fotball!

Laurdag mottok ho prisen som Årets medspelar i Stryn Fotball - til stor jubel frå heile fotballfamilien! På biletet ser vi Edel saman med styreleiar Torstein Tvinnereim som delte ut prisen på vegne av klubben.

Gratulerer til Edel!