Ekstraordinært Årsmøte i Stryn Fotball
Det vert halde ekstraordinært Årsmøte i Stryn Fotball på Stryn Vidaregåande skule torsdag 18.mars kl 19.00.

Saksliste:
1. Godkjenning av stemmeberettiga
2. Godkjenning av innkalling og sakliste
3. Val av møteleiar, referent og 2 personar til å skrive under protokollen
4. Orientering om Stryn Fotball sitt engasjement i Arena Stryn
5. Val av leiar

På grunn av Covid-19 og smittevern må vi ha påmelding, og gjer samstundes merksam på at om situasjonen tilseier det kan møtet bli halde på TEAMS. Følg med på heimesida til Stryn Fotball eller på Facebook.

Påmelding innan onsdag 17.mars 2021 kl 12.00 på e-post: post@stryn-fotball.com

For å være stemmeberettiga på ekstraordinært årsmøte må kontingent for 2020 i Stryn T&I være betalt.

Vel møtt!