Ivar Paulsen ny leiar i Stryn Fotball
Stryn Fotball hadde ekstraordinært Årsmøte på Stryn VGS torsdag 18.mars.

På årsmøtet i starten av februar gjekk Torstein Tvinnereim av som leiar etter 7 år, og ein hadde då ikkje lukkast med å finne ny leiar til å overta etter han. No var imidlertid ny leiar på plass og Ivar Paulsen vart vald for 1 år som styreleiar i Stryn Fotball. Ivar er godt kjent med klubben og har sete i styret i fleire år, tidlegare som økonomiansvarleg og siste åra som sekretær. 

Det var også på plass ny nestleiar i styret, Heidi Homlund vart vald for 2 år. Ho flytta til Stryn for om lag eit år sidan i lag med familien sin. Heidi er ei engasjert dame med brei erfaring innan idrett, mellom anna frå Toppidrettsenteret og toppklubbar i fotball. Vi ynskjer Heidi hjerteleg velkomen i styret!