|
Neste veke var det opprinneleg planlagt seriestart for lokalfotballen, men i og med at korona-pandemien ikkje heilt har latt seg bekjempe enda er dette utsett inntil vidare. Vi nyttar ventetida til å presentere våre nye seniorspelarar på dame- og herrelaget denne sesongen: Hubert Wdowiak Hubert Wdowiak - 16 årHubert kom til Stryn frå Bremanger i januar 2021. I tillegg til kretslagsspel for NFF Sogn og Fjordane har han også delteke på NFF sin talentleir for 2005-modellar både i 2019 (Sarpsborg) og 2020 (Porsgrunn).  Oselie Henden Oselie Henden - 19 årOselie er ei jente med mange talent - både fotball, skiskyting og musikk. 19-åringen kom til Stryn frå Eid i mars 2021 og blir ein viktig spelar for damelaget denne sesongen. Julie Flølo Herrevold Julie Flølo Herrevold - 18 årJulie er ei av to jenter som kom til Stryn Fotball frå Loen i februar 2021. Ho er midtbanespelar og har spelt aldersbestemt fotball for Loen og var også med på samarbeidslaget Stryn/Loen J15/17 i 2019-sesongen. Alida Bruland Alida Bruland - 17 årAlida er også ny frå Loen i mars 2021. Ho er angrepsspelar og har spelt både på J13/14 og J15/17 i Loen, samt samarbeidslaget Stryn/Loen J15/17 i 2019. Emma Dorthea Lødemel Emma Dorthea Lødemel - 17 årEmma kom til Stryn i 2020-sesongen frå Hornindal. Ho har spelt aldersbestemt fotball i heimklubben og i 2019-sesongen spelte ho både på jente- og gutelaget til Hornindal. Emma spelte 10 kampar for Stryn sitt J19 lag i 2020. |
|
|