No nærmar det seg
Det er i dag kun 4 veker igjen til Flo Aktivitetsveke 2017 startar, og påmeldingane tikkar inn dagleg. 

Mandag 19.juni kl. 16.30 startar vi opp med registrering og utdeling av utstyr. Kl. 17.00 inviterer vi til stor grillfest for alle deltakarane på Flo Aktiv. Det bli lagt til rette for ulike aktivitetar for store og små på stadion frå kl. 16.30. Velkommen til ei veke med Glede, Engasjement og Gode opplevingar!

Alle hovudinstruktørane er på plass og her følger ein liten presentasjon av dei:

Flo aktiv Fotball VM 11-14 år - Martin Knutsen Dolvik og Are Njøten

Vi har som kjent endra litt på fotballtilbodet for dei eldste deltakarane. Alle i aldersklassa 11-14 år vil i år få ei rein fotball-tilbod veke med  Fotball VM som tema. Her skal deltakarane bli betre kjent med eit av verdas 4 leiande fotballnasjonar - Brasil, England, Spania eller Italia, lære om fotballfilosofien og kulturen til landet og til slutt representere landslaget i Fotball VM. 

Hovudansvaret for Flo Aktiv Fotball VM 11-14 år har Martin Knutsen Dolvik. Martin har mellom anna UEFA-B lisen og NFF-leder 2 kompetanse. Han har trenererfaring frå Arna-Bjørnar og Sogndal og var i 2016 assistentrenar og spelarutviklar for Kaupanger sitt damelag. Han er no ansatt som Trenarutviklar Jentefotball og Spelarutviklar i Stryn Fotball, samt at han er ein del av trenerteamet til herrelaga til Stryn med ansvar for Stryn 2.

Han har også med seg Are Njøten i teamet på Flo Aktiv. Are er sportsleg leiar for Stryn Fotball, og har i ei årrekke trena aldersbestemt fotball i klubben.

Fotball 7-10 år - Johann Sigurdsson og Jon-Terje Tjellaug


Jon-Terje frå tida som spelar på A-laget til Stryn

Også for dei yngste deltakarane på fotball har vi eit meget solid team, Duoen Sigurdsson/Tjellaug har påtatt seg det sportslege ansvaret for 7-10-åringane og det er vi veldig glad for! 

Dette er våre mest erfarne og utdanna trenarar med solid trenarerfaring både frå barne- og seniorfotballen. Johann er for tida hovudtrenar for herrelaget til Stryn og Jon-Terje trenar 2 aldersbestemte lag i klubben. I tillegg har dei to i fleire år hatt ansvaret for våre populære fotballskular i vinterhalvåret - Teknikkskulen og Nordfjord Ekstra.

Med seg vil dei også ha spelarar frå herre- og damelaga til Stryn.


Johann i kjent stil frå sidelinja som trenar for herrelaget til Stryn

Byggemorro 9-14 år - David Sigurdsson

OBS! Få plassar igjen!

Dette er årets nye aktivitet på Flo Aktiv! Her får borna være med å bygge opp ein liten Western-by, frå ide og planlegging til bygga står ferdig. 

Vi samarbeider med den lokale bedrifta Feel Free Production og dagleg leiar David Sigurdsson. Bedrifta har hatt ei stor utvikling siste åra og har spesialisert seg på skreddersydde møbell-løysingar.

Her har vi begrensa antall deltakarar - det nærmar seg fullteikna så her lønner det seg å være raskt ute dersom ein ynskjer å være med!




Scenekunst - Torstein Tvinnereim

Scenekunst er blant dei mest populære aktivitetane under aktivitetsveka. Torstein har sagt ja til å påta seg ansvaret i år også - for fjerde året på rad. Han har brei erfaring frå ulike typar framsyningar, mellom anna frå revy, musikal og teaterstykker. Han vil også i år skrive eit heilt nytt stykke eksklusivt for Flo Aktiv.




Dans - Martine Evebø og Angelica Dyveke Årvik

Også Martine har lang erfaring som instruktør for dansegruppa på Flo Aktiv. I 2016 vart også Angelica med i teamet og begge har heldigvis sagt ja til å bli med også i år. Dansegruppa jobbar tett i lag med Scenekunst og gruppene skal i lag vise fram teaterstykke med dansenummer for deltakarar og foreldre fredag ettermiddag.