Johannes Konstali-Lødemel er tatt ut til NTF-turnering i Stavanger
Komande helg, 11.-13.oktober stiller NFF Sogn og Fjordane - TEAM Sogndal på til Eliteturnering G14 i Stavanger. Med i troppen er stryningen Johannes Konstali-Lødemel, som til dagleg spelar for Stryn sitt G13/14 lag. 

Sogndal er i pulje med KBK og Skeid og skal spele innleiande kampar mot desse laga på laurdag. Søndag er det sluttspel der motstandar er avhengig av resultata i kampane på laurdag. 

På biletet ser vi Johannes i lag med kompisen Sondre Nor Midthjell frå Eid som også er teken ut til turneringa. Vi ynskjer Johannes, Sondre og resten av Team Sogndal lukke til med turneringa!