Informasjon om Nordfjord Aktiv 
Stryn Fotball startar frå hausten 2016 opp eit nytt tilbod til born frå 1. til 7. klasse. Det er eit kjent tema at både born og vaksne stadig blir meir inaktive,  at vi alle treng å ha fokus på dagleg fysisk aktivitet. Nordfjord Aktiv er eit frititidstilbod der ein legg vekt på allsidig fysisk aktivitet gjennom heile skuleåret, men med fotball som hovudtema.

Nordfjord Aktiv vert inndelt i to aldersgrupper.  For dei yngste borna (1.-3. klasse) vil nettopp allsidighet og variasjon  stå i sentrum. Deltakarane vil få delta på mange forskjellige aktivitetar og idrettar, der leik og moro vil være vektlagt. Allsidighet vil sjølvsagt også være viktig for dei eldste (4.-7. klasse) men der vil ein i deler av året ha eit spesielt fokus på fotball. Deler av tida vil settast av til mat og lekser med leksehjelp. Vi vil nytte Stadion-området og Strynehallen.

Fagleg ansvarleg for Nordfjord Aktiv vil være Jon-Terje Tjellaug. Han er utdanna adjunkt og til dagleg ansatt ved Stryn Vidaregåande Skule. I tillegg til å være trenar for to lag i aldersbestemt fotball i klubben er Jon-Terje også Sportsleg ansvarleg for aldersbestemt. 

Tilbodet:
1.-3. klasse: 2 dagar i veka
Tirsdagar                            07.30 – 08.45 + 12.00 – 16.30
Torsdagar                           07.30 – 08.45 + 14.30 – 16.30


4.-7. klasse: 3 dagar i veka.
Mandagar                           14.30 – 16.30
Onsdagar                            14.30 – 16.30
Fredagar                            14.30 – 16.00

Prisar for fullt tibod (utan mat)
1.-7. klasse                         kr 1.490 pr mnd
 
For den eldste gruppa (4.-7. klasse) vil ein ha mulighet for å velge antall dagar. Skriv antall dagar i kommentarfeltet - og kva dagar ein vil delta dersom det ikkje er alle dagane. 
Prisar:
1 dag:    kr   600 pr mnd
2 dagar: kr 1.200 pr mnd
3 dagar: kr 1.490 pr mnd

Søknadsfristen er 15.mars og søknadsskjema finn du ved å følgje denne linken:
Påmelding Nordfjord Aktiv

Kontaktinfo:
Jon-Terje Tjellaug              Tlf 90 87 04 52
Stryn Fotball                       Tlf 99 38 74 41  (Dagleg Leiar John Os)