Hedda Belden Ulen fekk Månadens Fair Play-pris
I pausen under Kretsligakampen mellom Stryn og Sogndal 2 vart årets siste Fair Play-pris utdelt. Denne gongen var det Hedda Belden Ulen frå J12 som kunne motta trofeet foran ca 300 tilskodarar på Stryn Stadion!

Her ser kan du lese grunngjevinga for prisen:

"Stryn 2 hadde heimekamp mot Eid i J12 serien. Eid stilte sporty opp, sjølv om dei kun hadde 6 spelarar, dette grunna sjukdom. Før kampstart vart jentene samla for å gå gjennom alternativa ein hadde for gjennomføring av kamp. Alternativa var å blande laga, spele 6:6 eller at nokon av våre spelarar stilte opp for Eid.
Resultatet vart at ei jente vågde å stille for Eid. Denne jenta gjorde ein god innsats i kampen. Scora 2 mål for Eid og gjorde sitt til at dette vart ein jamn og god kamp med resultatet 5-4 til Stryn. Ei flott handling av ei 12-år gammal jente som braut ut av veninne gjengen og stilte opp for motstandaren, slik at kampen kunne gå slik den var oppsett. 
Høyrer og med til historia at vi fekk veldig hyggeleg tilbakemelding av Eid for måten dette hadde blitt løyst på i etterkant av kampen. Både lagleiararar og jentene sjølve på Eid syns dette hadde vore ein veldig kjekk kamp. Ein kamp dei kanskje hadde grua seg litt til, med tanke på mangel på spelarar, vart løyst på ein slik måte at alle hadde ei god oppleving." 

På biletet ser vi Hedda saman med Martin Hopland frå Fair Play utvalet og Nils Petter Hauge.


Foto: Stig Høynes/Haugen Fotball