Det var en spent men tent gjeng jenter som reiste tidlig til Måløy denne dagen, for å delta i småjenteklassen i cupen som denne gongen hadde rekorddeltaking med 121 lag.
I Småjente klassen var det 13 lag fordelt på 3 grupper.
Kampane i innleiande gruppespel enda slik :
Stryn - Selje 3 - 2 (mål Gina Tytingvåg 2, Mia Sæbø 1)
Volda1 - Stryn 0 -1 (mål Gina Tytingvåg)
Florø1 - Stryn 0 - 4 (mål Tonje Stølen 1, Gina Tytingvåg 1, Siri Ommedal 1, Eline Bø Nesdal 1)
Skavøypoll - Stryn 1 - 9 (mål Gina Tytingvåg 6, Tonje Stølen 3)
Semifinale
Med full pott i innleiande rundar var det klar for semifinale mot Bremanger i A- Sluttspelet.
Bremanger stilte med eit godt og sterkt fysisk lag med mange -96 modellar, så med kun ei jente født -96 i vårt lag var jentene svært spente på om fysikken ville holde i semifinalen, Laget spelte derimot ein svært god semifinale som var både tøff og veldig jamn. Bremanger tok føringa med 1-0, men jentene kjempa heroisk og etter utlikning til 1-1 ved Gina Tytingvåg fekk dei ny giv og spelte seg nok til fleire sjansar enn Bremanger. Kampen var svært spennande og seieren vart sikra 5 sekund før full tid da Mia Sæbø fekk full treff på eit langskudd. 2-1 til Stryn og finaleplassen var sikra !
Finale
I finalen stod Sandane på motsatt banehalvdel. Eit Sandane lag som heller ikkje hadde avgitt poeng så langt i turneringa, og ei lag som var svært velspelande. Finalen vart om mogleg nesten enda meir dramatisk enn semifinalen. Stryn to leiinga 1-0 ved Gina Tytingvåg og etter det tok Sandane over og utlikna fortjent til 1-1. Etter nokre spennande minutt med fleire gode sjansar til begge lag fekk Eline Bø Nesdal drømmetreff og fra langt hold klinka ho ballen i tverliggaren og ned på streken men uheldigvis vart det ikkje mål. Kampen bølga midtvegs begge vegar, men det var Sandane som kontra inn 2-1 etter at vi hadde slurva ved ein corner, og då var det berre 1 minutt igjen av den spennande finalen. Avspark var tatt med 25 sek. igjen av kampen , og med rå vilje tok Gina Tytinvåg med ballen, runda av 2 Sandane spelarar og satte den kontant i nettet. Dramatikken var komplett og jubelen stod i taket. Ein jamn finale enda 2 -2 mot ei svært godt Sandane lag !
Resultatet av finalen vart dermed avgjort på myntkast og det var med stor jubel at jentene dro i land også dette og dermed kunne reise heim med den store pokalen.
På Stryn spelte : Eline Bø Nesdal, Siri Ommedal, Gina Tytingvåg, Tonje Stølen og Mia Sæbø som alle la ned ein svært god jobb denne dagen, og bakerst i mål gjorde Lena Vinsrygg ein suveren jobb med svært få baklengs.
Guttorm |