Etter eit år med stort fokus på struktur i organisasjonen, der Stryn Fotball mellom anna har vore ein av førti klubbar i landet som har delteke i NFF sitt klubbutviklingsprosjekt A3, har det lege i korta at ein frå 2010 ville få eit utvida styre.
I 2009 bestod styre av 3 representantar. Organisasjonsmodellen som vart vedteken på årsmøtet 2008, var utfordrande, men målretta. I fleire år har det vore etterlyst ei tydlegare linje mellom aldersbestemt fotball og senior. Sidan representantane frå aldersbestemt uansett ville trekke seg frå styret, samt at ingen av dei mange førespurde ville inn i styret, fann årsmøtet at dette var rette høvet til å prøve ut ein annan modell; èin sportsleg leiar for heile gruppa som kunne sikre større flyt mellom dei ulike del-gruppene.
I tillegg ynskte ein å flytte flytte meir fokus over frå styre- til utvalsarbeid. Dette har ein lykkast godt med, spesielt i sportsleg- og økonomisk utval.
Organisasjonsforma førte til viktige effektar; sportsleg leiar fekk, i samarbeid med trenarkoordinator, utvikla ein rekke tiltak til klubben sitt beste. I dag er det utarbeida presise instruksar på alle nivå (ny sportsplan), og samarbeidet mellom aldersbestemt og seniorfotballen har truleg aldri vore så synleg (fadderordning, felles spelarutviklar, strukturert trenarforum osv). Slik er det no lagt eit grunnlag for igjen å gå tilbake til ein styremodell der aldersbestemt er representert med ein eigen leiar (sportsleg og administrativt).
I tillegg ynskte ein å få inn i styret frå 2010 ein person som kunne ha større fokus inn mot skule, kommune og fylkeskommune.
Styret for 2010 er følgjande:
Leiar: Nils Petter Hauge
Nestleiar: Ståle Meland (ny)
Arrangement: Aud Hool Egge
Sportsleg leiar senior: Terje Walaker
Sportsleg leiar aldersbestemt: Evy Rossetvik (ny) |