Stryn Fotball starta torsdag opp med treningar for utviklingshemma i Bø. Trenarar er Hanna Tenden og Elise Lunde.
Stryn Fotball tykkjer det særs kjekt å bidra til at dei utviklingshemma får eit treningstilbod. I første omgang er det snakk om 1 trening i veka i 10 veker. Intensjonen er sjølvsagt at tilbodet skal oppretthaldast utover desse vekene.