Denne helga blir det arrangert kvalifisering til KM for aldersbestemte lag innandørs i samarbeid med Sparebanken Sogn og Fjordane.
Det er påmeldt 187 lag, og nesten 2 000 ungdommar deltek i fylkets største idrettsarrangement.
Stryn stiller desse 9 laga:
Junior
Gutar 16 år
Jenter 16 år
Gutar 14 år – 4 lag
Jenter 14 år – 2 lag
Det er 4 arrangørstadar for årets kvalifisering, og dei er som følgjer:
Syril IL (Saften)
Balestrand IL (Belehalli)
Florø SK (Florø Idrettssenter)
Skavøypoll IL (Nordfjordhallen), alle Strynelaga spelar sine kampar her.
Følgjande klassar spelar følgjande dagar:
Laurdag 6. februar - G/J 13-14.
Søndag 7. februar - G/J 15-16 og Junior herrar.
(Junior herrar blir kun arrangert i Florø og i Skavøypoll)
Oppstart blir kl. 10.00 kvar dag. |