Stryn starta kampen med følgjande spelarar:
Gunnar Sigurdsson - Petter Hammer, Geir Hool Egge, Kristjan Sigurolason (Kristian Brynestad), Pål Holko - Vegard Hopland, Jon Terje Tjellaug, Rune Myklebust, Johnny Myklebust (Karl Erik Aarsheim), Stian Sandal - Christian Holko (Jan Marius Brekke).
Stryn gjekk ut i ein 4-3-3-formasjon, og var bra med dei første 20 minutta. Etter kvart tok Førde over og fekk eit billeg mål. Stryn la då om til ein meir defensiv formasjon, og hindra gjestene i å skape fleire sjansar.
Mot slutten av kampen jaga Stryn ei utlikning, men i staden fossa Førde fram og putta tre ballar til i nettet. – Dei fekk nokre dritmål som normalt ikkje går inn når vi er på hogget, seier Ed til Fjordingen. Han fekk svar på mykje under kampen, og konsentrerer seg meir om kva som fungerte og ikkje, enn om sjølve resultatet.
Til helga er det ny treningskamp borte mot Stranda. |