I innleiande kampar vann dei si gruppe etter å ha vunne 6-0 mot Balestrand, 1-0 mot Bjørn og tapt 1-3 for AHIL. I semifinalen slo Stryn Førde 2-0, medan Høyang slo AHIL 2-1 etter ekstraomgongar.
I finalen stod dermed Høyang for tur. Stryn opna godt og hadde tre store sjansar før det kom eit mål i mot. Dermed måtte Stryn fram på bana, og Høyang kunne kontre. Finalen enda til slutt 3-0 for Høyang, sjølv om kampen var jamn. Bronsefinalen mellom AHIL og Førde enda med 3-2 siger til Førde etter ekstraomgongar.
Målscorarar for Stryn i sluttspelet: Christine Isehaug 4, Emilie Vik 2, Ingrid Øvreberg 2, Sofie Lunde og Gina Tytingvåg. |