framsida kontakt info nordfjord fotballcup fjordingen fotballskule nyheiter om sidene
Framsida
Nyheiter
Senior fotball
Trenarar
Støtteapparat
Stryn A-lag
Spelarstall
X-spelarar
Kampreferat
Terminliste
Tabell 3. div
Tabell 6. div avd 3
Stryn Damer 3. div
Tabell og kampoppsett
Nyheiter Senior
Arkiv terminlister
Aldersbestemte lag
Lagleiarinfo
Gutelag
Jentelag
Smågutelag
Småjentelag
Lillegutt
Lillejente
Miniputt
Knøttelag
Nyheiter aldersbestemt
Klubbinfo
Treningstider
Klubbhistorie
Utdanning
Foreldrevettreglar
Adelskalender
Stryn Stadion / Anlegg
Stryningar på landslag
Stryn Fotball i media
Kontaktinformasjon
Styre og stell
Dugnadsoversikt
Sponsorar
Interaktivt
Gjestebok
Spel og moro
Strynesangen
Fotball-Quizzzz
Tabellkonkurranse
Lagbilder senior
Laglederside
Eksterne linkar
Nyheiter på mobilen !

Jon-Terje om kampen mot Stranda

Jon-Terje har vurdert kampen mot Stranda, og kjem med ein kommentar

Kort om kampen:

Ei heller ujamn gjennomføring enda til slutt med siger, men den sat langt inne. Stranda hadde, kampen sett under eitt, gode sjansar til å avgjere dette til eigen fordel. Vi får ta med oss det positive, vi vinn på ein dag der det er mykje som ikkje fungerer.

Vi fekk ikkje satt i gong det høge presset vi ville. Stranda låg etter kvart djupt i bana, hadde spelet framfor seg og heldt oss på avstand. Vi kom til få avslutningar. Stranda spelte med liten risiko, var direkte i stilen og tok oss gong etter gong på at vi stod høgt i bana. Avklaringane var lange og presise, enda i bakrom på to gode beveglege spissar, med eit strynelag halsande etter.

Kva må vi jobbe vidare med?

Defensivt må vi jobbe med pressledda våre. Skal vi få dette til, må innsats og evne til å flytte bein bli betre. I tillegg må vi jobbe hardare i sonene våre. I forsvarsleddet sleit vi med avstandar spesielt sidelengs. Sikringsforholda var ikkje gode.

Offensivt må vi bli flinkare til å halde ball i laget. Vi spelte mykje fin fotball frå 16 meter til 16 meter, men svært mange av forsøka vart stoppa før vi kom til avslutning. Stranda framprovoserte svært mange brot på vår siste tredjedel av bana. Her må vi bli tydlegare i bevegelsane og dyktigare i valga vi gjer som ballførar.

Likevel scorar vi 4 mål. Stian scorar etter eit fint gjennomløp etter pasning frå Christian. Begge måla til Jan Marius kjem etter legg frå kant, der Laksen er på rett plass til rett tid, slik ein målscorar skal være. Krissi sitt mål kjem på dødball, etter god serve av Petur.

No skal vi gjennomføre ei god veke med trening før vi set nasen mot Molde. Her ventar to tøffe kampar mot Træff og Rival.


Utskriftsvennlig versjon
 
Opprettet 9.3.2010 av Lukas Sunde. Oppdatert: 11.3.2010
Nyheiter
-Haugen - Stryn 2: 4-8 (3-5)
-Damelaget møter Jølster på laurdag.
-Invitasjon til Kongleriket Miniputturnering
-Aldersbestemte kampar veke 37
-Møter Fjøra i morgon
-Klubbdommarkurs
-Stryn køyrde over Sandane
-Resultatliste Sommar-Quiz
-Damelaget tapte mot Breimsbygda
-Resultat aldersbestemt fotball veke 35
-Keeperlaurdag i Stryn 11.september
-Aldersbestemte kampar veke 36
-Sommar-Quizen er avslutta!
-Møter Sandane på laurdag
-Jentelaget slo Hornindal
Kva skjer?
11.9Stryn - Jølster
14.9Flatraket - Stryn 2
17.9Sogndal - Stryn
18.9Stryn - TMFK
21.9Stryn 2 - Vikane
24.9Stryn - Eid
24.9Florø - Stryn
28.9Oppstryn - Stryn 2
2.10Stryn - Årdal
3.10Lærdal - Stryn
Du er besøkande nr 1036
Stryn T&IL Fotball - Hegrev. 17 - 6783 Stryn - Tlf: 99 38 74 41
Epost: post@stryn-fotball.com, Web: webmaster@stryn-fotball.com