3. div. herrar
Laurdag 26.06.10:
Stryn – Jølster 2-2 (0-2)
Stryn sitt lag: Gunnar Sigurdsson - Vegard Hopland, Kristian Brynestad, Trond Leirgulen, Geir Hool Egge - Karl Erik Aarsheim (Jan Marius Brekke frå 46), Rune Myklebust (Johnny Myklebust frå 71), Per Ole Tenden, Jon-Terje Tjellaug - Petter Hammer, Stian Sandal (Frode Hool Egge frå 90)
Mål: 0-1 Kristian Helle (5), 0-2 Trond Vegard Ripe (42), 1-2 Petter Hammer (str. 49), 2-2 Per Ole Tenden
Gult kort: Ole Johan Skrede, Jølster
Jølster sjokkopna på Stryn stadion etter berre fem minutt, og tok leiinga ved Kristian Helle. Stryn sette press på jølstringane, men klarte ikkje å få uttelling. Det var tydelig at strynespelarane sakna Christian Holko som sonar for gule kort. Rett før pause auka Trond Vegard Ripe leiinga for Jølster, etter å ha runda keeper.
Fire minutt etter pause vart Jon-Terje lagt i bakken, og Petter sette straffa i mål. Utlikninga kjem etter 57 minutt, når Per Ole stjel ballen på hjørnet av 16-meteren og skyt i lengste hjørnet for keeper. Det vart ikkje fleire mål, og det betyr at dette vart Stryn sitt første poengtap på heimebane denne sesongen. |