Inkludert spelarar, familie, trenarar, oppmenn og støtteapparat tel reisefølge heile 58 personar.
Alle er innkvartert i hytter på TanumStrand www.tanumstrand.se
Der kan små og store nyte godt av fasiliteter som inne- og utendørs svømmebasseng, treningssenter, beach volley, minigolf, sandstrand, leikeplassar, krabbefiske, fotballbane, restaurant inne og ute m.m.
Sjølve treningane skjer på Grebbestad IF si fantastisk flotte heimebane Siljevi Stadion:
Første treninga var mandag kl 09:30, medan det også var ei kveldsøkt same kveld kl 18.
I dag, tirsdag, har dei også gjennomført ei morgenøkt, meden det i kveld kl 19 er kamp på Siljevi stadion mot Grebbestads IF.
I denne kampen vert det rapportert at ein strynespelar skal gjere comeback etter eit nærare to år langt skademareritt...
Stryn reiser heim på søndag, men vi vil i løpet av veka kome med fleire artiklar frå treningsleiren. I morgon vil vi m.a. legge ut eit kampreferat frå treningskampen.
|