Treningskamp 27.07.2010 på Siljevi stadion, Grebbestad.
Stryn: Gunnar L. Sigurdsson (Jakob Hessevik i 15 min) - Vegard Hopland (Geir Hool Egge i 15 min), Trond Leirgulen, Kristjan Sigurolason (Kristian Brynestad i 45 min), Petter Hammer - Stian Sandal, Jon Terje Tjellaug (Erik Vhiestrox i 45 min), Ørn Kato Hauksson, Petur H. Kristjansson, Karl-Erik Aarsheim (Kåre Balsnes i 18 min) - Christian Holko (Jan Marius Brekke i 45 min)
Rune Myklebust stod over kampen pga skade.
Stryn spelte ein forrykande førsteomgang, og leia 4-1 etter scoringar av Petter Hammer, Stian Sandal, Christian Holko og Jon Terje Tjellaug.
Etter dei første 45 minutta vart nokre av dei mest sentrale spelarane bytt ut, på grunn av småskadar. 17 spelarar var i aksjon for Stryn.
Stryn makta ikkje å følge opp i andre omgang, kanskje på grunn av mange byter og etter kvart tunge bein. Likevel var det eit lite ran av heimelaget å vinne denne kampen.
Men dei var effektive i andre omgang, anført av 5-målscorar Olle Kristoffersson. Den raske og livsfarlige spissen vann kampen aleine for heimelaget.
Stryn takkar Grebbestads IF for kampen!
NB! Les meir om kampen og sjå fleire bilder på Grebbestads IF si heimeside. Klikk her.
Planen for i dag, onsdag, er restitusjon. Joggetur kl 09:30, og sandvolleyball-turnering i ettermiddag.
KLIKK FOR STØRRE LAGBILDE
Labilde med maskot Lukas R. Leirgulen på plass!
PS! Det er han med gule fotballsko.
Trond Leirgulen (t.v.) sparkar motstandaren i rompa og vinn duellen.
Ein teknikk han tidleg i karriera plukka opp frå midtstopparduoen
Steve Bruce/Gary Pallister.
Petur H. Kristjansson med full kontroll.
Fin skuddteknikk og god blokkering. Vi får berre håpe Petur ikkje
vart tante i denne situasjonen.
Familie-idyll i solskinet på tribuna.
Grasmatta til Grebbestads IF var så fin at Jarle Lien ville fått vatn
i munnen.
Karl-Erik Aarsheim, Christian Holko og Stian Sandal bygger opp
eit angrep.
Kåre Balsnes spelte siste 18 minutta. Det var eit etterlengta og
gledeleg comeback av den slepne teknikaren som har vore skada
i to år. Velkomen tilbake Kåre!
|