- Det vart ein todelt kamp, med enorm forskjel på dei to omgangane. Førsteomgangen er vel det beste vi har prestert i år, med mykje godt spel og gode bevegelsar. Det hadde ikkje vore noko å seie på om vi hadde leda med åtte mål til pause, fortel trenar Ed Nordang.
- At det til slutt vart tap kjem mykje på grunn av at vi hadde to harde økter mandag, og ei økt tidleg tirsdag. Det vart mange slitne bein etter kvart. Samtidig brukte vi pausen til å bli einige om å slutte å spele på små marginar i forsvars- og midtbaneleddet. Det stikk motsette skjer, og då blir det dessverre mange mål imot, seier Ed.
- Det positivet er sjølvsagt det vi synt i førsteomgangen. I tillegg viser kampen kva vi må jobbe med vidare. Dette skal vere relativt enkle grep, så eg føler meg trygg på at vi skal luke vekk desse feila før alvoret tek til igjen, avsluttar Ed som legg til at dei har det fantastiskt fint på treningsleiren.
Han er også glad for å kunne få ei slik intens treningsveke med tilnærma full tropp.
Ein av tilskodarane på kampen var Kjell Rune Flo. Han uttala etter kampen at førsteomgangen var noko av det beste han hadde sett av Stryn nokon gong. |