Torsdag ettermiddag var Melhus motstander i 1/16-finalen. Vi hadde rimeleg bra kontroll kampen gjennom. 1-0 kom tidleg i 1.omgang, Maria kliner til med venstra fra 20 meter i tverrliggaren, Ida er kjapt frampå og set returen sikkert i mål. Vi går til pause med etmålsleiing, og er det klart beste laget. Det står 1-0 til ca 15 min gjenstår. Anja lager to kjappe mål, begge etter nydelege framspel. Vinn fortent 3-0.
Seint på kvelden, nesten etter normal leggetid for jentene, er det klart for 1/8 finale mot Moi. Det er i realiteten kun 1 lag på bana, og vi vinn til slutt 5-0. Lisa starter scoringane etter kun 1 min, Anja følger opp med 2 mål til i 1.omgang og 1 mål i 2.omgang, før Miriam sikkert set inn eit straffespark mot slutten av kampen. Glimrande gjennomført kamp av jentene, feiande flott angrepsspel og stålkontroll i forsvar. Vi noterte ikkje ein einaste målsjanse til Moi.
Kvartfinale i morgon kl 12.50 mot Bjerkreim.
Skal helse frå alle, send meir penger.
John
Bak fra venstre: Tine Nedreberg, Kristi Bergset, Kristina Flo, Ida Lødøen, Maria Bøe, Lisa Nesdal, Stine Eikenes, Emilie Otterdal, Ingrid Flo
Framme fra venstre: Amalie Øvreseth, Drude Aarnes Søgaard, Elin Håberg, Miriam Lefdal, Anja Tomasgård, Andrine Nygård, Helene Otterdal
Heilt framme: Tonje Fannemel
|