Siste detaljar fell i desse dagar på plass i høve årets aktivitetsveke. Det ligg an til ei spennande veke med mange flotte aktivitetar og dyktige instruktører. Følg med framover! Det vil kome mange glade nyhende om Flo aktivitetsveke dei nærmaste dagane!
Stryn Fotball har også i år det administrative ansvaret for veka, og vi er særs glade for at våre flotte grupper i Stryn Turn & IL vil bidra.
Turn og Friidrett inneheld det meste av basisferdigheitene ein treng i all motorisk utvikling. Dessutan er idrettane og aktivitetane i seg sjølve både artige, allsidige, populære og spennande. Dei passar soleis midt i smørauget til parolen for aktivitetsveka: Allsidigheit, vennskap og gode haldningar. Vi ynskjer turn- og friidrettsgruppa hjarteleg velkomne med på laget!
I tillegg til å vere ein eigen aktivitet under veka, vil dei som vel fotball få sjansen til å prøve seg i turn/friidrett. Slik får også fleire nytte av nødvendige basisferdigheiter!
Meld deg på no her
Infobrosjyre om aktivitetsveka 2012
førebels Aktivitetsplan for 2012 |