Fredag reiser damelaget til Florø for ein vanskeleg bortekamp.
Etter eit skuffande 0-0 resultat mot Hornindal i ein kamp vi dominerte, er damene (og trenaren) gira på å ta årets første 3-poenger!
Florø starta sesongen med tap 1-6 for Sogndal heime, eit sognelag som nok er ein av favorittane til å vinne serien i år. Deretter tapte dei 1-3 borte mot Hornindal. Til denne kampen stilte dei noko redusert og kun med 11 spelarar.
Vi kjem derfor ikkje til å sjå lett på kampen, men vi reiser til Florø med god tru på at vi kan ta alle poenga!
John |